Jan Terje Rafdal

Kategori :

Date : 2019

Sted :

Linker:
Linker:

Jan Terje Rafdal
F: 1974

Rafdal har studert illustrasjon i tre år i England, samt tre år i Arna ved Garnes VGS. Han har hatt ei rekkje utstillingar både internasjonalt og i Norge. Sjå CV for detaljerte opplysingar.
Rafdal har ateliér i Etne. Han arbeider innan ei rekkje ulike teknikkar, med særleg vekt på grafikk, teikning og maleri.

Landskap i sakte endring, i ei verd i rask endring.
Det var eit litt uventa valg kunstnaren tok for ca. to år sidan, då han valgte å venda blikket heimover, og bruka sine heimlege fjell som motiv. Etter mange år med fokus på motiv henta frå sørkysten av England, gjennom eit langvarig samarbeidsprosjekt med den romantiske modernisten Jeremy Gardiner (UK), kom ein stadig sterkare trang til å arbeida med noko som var litt nærare. Gjennom serien “Jurassic Coast” har Rafdal saman med den engelske kollegaen utforska ei svært abstrakt tilnærming til landskapsmaleriet som uttrykksform. Det var interessant å sjå korleis resultatet ville bli dersom utgangspunktet blei endra og ein ikkje hadde den objektiviteten som ein får når ein jobbar med eit landskap ein ikkje har noko personleg forhold til. Akkurat dette subjektive tilfanget, var det samarbeidspartnaren som hadde tilført. No var det på tide å utforske på eigahand.
Rafdal bestemte seg for å ta utgångspunkt i ei svært begrensa tidsramme på våren, under snøsmeltinga. Lenge har mønster og formasjonar som oppstår i kontrasten mellom snøen og fjell/ bar mark fascinert Rafdal. Ein kan nestan sjå dette som eit binært mønster som gjerne kan oppfattas heilt eller delvis abstrakt. Med dette som utgnagspunkt var kunstnaren førebudd på at dette kunne resultera i eit uttrykk med sterk abstraksjon, men serien med akrylmaleri tok ein annan, litt uventa retning. Kanske det er den sterke tilknyttninga til desse stadene som gjer at motiva utvikla seg til å bli meir og meir atmosfæriske og figurative?
Dei langsame endringane som skjer i naturen viser seg som spor etter istida skreve inn i landskapet. Vidare ser me overgangane mellom årstidene som fylgjer sin eigen syklus. Alt dette står i kontrast til eit samfunnet rundt oss, der me stadig går lengre i å settja våre spor, noke som etter kort tid er utviska av naturen sjølv, andre med potensiale for å bli ståande i nær uendeleg tid. Å betrakta eit landskap oppe i fjellet er ei slags tidsreise, der ein ser ein del av verda som er så godt som heilt upåverka av oss mennesker. Det same motivet som må ha møtt menneska som levde her etter den siste istida og framover.

Serien består no av ei rekke landskapsmotiv frå midtre Etnefjell utført i akryl, kullteikning samt monotypiar laga med metallgrafikk.

Lukk

Wonderwall.no

Opplev kunst

Få oppdateringer rett i innboksen din

Lukk

Logg inn

Lukk

Handlekurv (0)

Cart is empty Handlekurven din er helt tom den. Du kan legge til bilder fra vår katalog når du er klar.

Wonderwall.no

Opplev kunst